64 kunstverk klar for utstilling!

Juryen i arbeid (fr.v); Lise Dahl, Toril Bonsaksen, Lillian Tørlen og Aslaug M. Juliussen.

I likskap med gyllent lauv på trea er 2. juryering til Årsutstillingen blitt eit sikkert teikn på at hausten er her. Etter tre intense dagar har juryen valgt ut 64 verk fra 46 kunstnarar i eit aldersspenn mellom 27 - 75 år, noko som lovar godt til Årsutstillingen opnar 17. oktober. 

Ønska seg breidde
– Verka har eit stort spenn i både teknikk og materiale. Høgt profilerte kunstnarar fatter stadig interesse for utstillinga, og me har fått ei fin fordeling mellom nestorar og debutantar, fortel juryen. Sidan detta ikkje er noko juryen vektlegger under juryeringsarbeidet, fortel variasjonen oss desto meir om engasjementet og mangfoldet i feltet.

Sjå juryleiar Toril Bonsaksen fortelle i videoen (OBS inneheld smakebitar av kunstverka!):

Mykje klimatematikk å sjå
Klima er ein tematikk som gjer seg gjeldende hos mange av årets kunstnarar, gjennom bruk av materialer som for eksempel havsøppel og torskerestar. Nokon går til jorda for å henta materialer, til det organiske, til kjerner og røtter. – Det er mykje alvor i desse verka. Men bak alvoret er også humoren tydelig til stede. Me har lenge sett eit inntog av eksperimentelle materialer i kunsthåndverket, fortel juryen. Detta gjelder enda, men juryen bemerkar at det ofte ikkje handlar om å forlata tradisjonen. Tvert imot tas kulturhistorie, taus kunnskap og gamle teknikkar med vidare inn i ein ny setting der dei blir løfta fram gjennom nye uttrykk.

Juryen for Årsutstillingen 2020 består av f.v.: Lillian Tørlen (keramikk), Lise Dahl (Nordnorsk Kunstmuseum), Toril Bonsaksen (juryleiar, metall) og Aslaug M. Juliussen (tekstil) .
 
Antatte kunstnarar:
Blant deltakarane i utstillinga finner me både nyutdanna og godt etablerte kunstnarar innan kunsthåndverksfeltet. Medan fleire av kunstnarane har deltatt på Årsutstillingen tidlegare, finner me heile 12 debutantar (markert med *):
Andrea Scholze (f. 1988)
Anne Léger (f. 1966)
Anne-Gry Løland (f. 1972)
Aron Irving Li* (f. 1989)
Aud Bækkelund (f. 1960)
Beth Wyller (f. 1947)
Bjarne Nielsen (f. 1945)
Daniela Bergschneider*  (f. 1986)
Elin Melberg (f. 1976)
Ellen Grieg (f. 1948)
Eyvind Solli Andreassen (f. 1986)
Gerd Brox simonsen (f. 1957)
Hanne Haukom* (f. 1967)
Helen Hausland (f. 1974)
Hilde Dramstad (f. 1965)
Ina Kristine Hove (f. 1963)
Ingrunn O. Myrland (f. 1976)
Jim Darbu (f. 1981)
Karen Klim (f. 1951) 
Kari Mølstad (f. 1977)
Karin Forslund* (f. 1984)
Kjell Gunnar Overøye* (f. 1964)
Kristine Fornes (f. 1971)
Lillian Eliassen (f. 1961)
Linda Morell* (f. 1993)
Linda Jansson Lothe (f. 1963)
Lissette Escobar (f. 1982)
Marianne Broch* (f. 1957)
Marsil Andjelov Al-Mahamid* (f. 1983)
Mette Paalgaard* (f. 1983)
Moa Håkonsson (f. 1987)
Nina Malterud (f. 1951)
Olaf Tønnesland Hodne (f. 1990)
Philipp Spillmann (f. 1977)
Pia Antonsen Rognes (f. 1986)
Rina Charlott Lindgren* (f. 1983)
Ruta Pakarklyte (f. 1975)
Sara Inga Utsi Bongo* (f. 1984)
Sarah Vajira Lindström (f. 1981)
Sidsel Hanum (f. 1955)
Sigurd Bronger (f. 1957)
Sofia Karyofilis (f. 1978)
Solveig Alberg (f. 1955)
Tovelise Røkke-Olsen (f. 1959)
Trond Ansten* (f. 1984)
Tuva Gonsholt (f. 1976)
 
Helen Hauslands "Anima Mundi" av steingods og hestehår. Foto: Ingun Mæhlum
 
Om Årsutstillingen:
Norske Kunsthåndverkeres Årsutstilling er den største årlige mønstringa av norsk samtidskunsthåndverk. Årsutstillingen blei første gang vist i 1975. Den har open innsendingsrett og blir juryert av NKs nasjonale jury, med mål om å ta pulsen på dagens materialbaserte kunst. Årets utgåve er den 43. i rekka og vises frå 17. oktober til 14. mars på Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø. Utstillinga blir produsert av Norske Kunsthåndverkere (NK) og blir i år arrangert i samarbeid med Nordnorsk Kunstmuseum. 
 
Denne artikkelen er skreven av Mari Henanger fra Norske Billdekunstnere på norskekunsthandverkere.no og vart først publisert der 14.09.20
Onsdag 23. september 2020