Offisiell opning av Betzy Akersloot-Bergs naustvegg
Sunday, 18. August 2019 - 10:00

WOW Tromsø opnar endeleg sitt andre veggmåleri, i samarbeid med Perspektivet Museum. Vi på Nordnorsk Kunstmuseum kjem, og vil at du skal bli med på feiringa!

Betzy Akersloot-Berg, altså! Vi i WOW er så glade for at nettopp ho er neste kvinne ut i serien av måleri som skal heidre og løfte fram bra damer i Tromsø. Ein marinemålar som reiste vidt og breitt, og passande nok no har blitt hylla på ein naustvegg i ein landsdel som ho hadde tette band til.

Vi gleder oss til å gjere stas på både dama og veggmåleriet! Til opninga har vi fått med oss eit stjernelag: kurator av utstillinga Like Betzy, Charis Gullickson ved Nordnorsk Kunstmuseum, kjem for å snakke om kvinna og kunsten; WOW-general Liv Ragnhild Kjellman fortel om prosjektet; direktør ved Perspektivet Museum Marianne A. Olsen vil foreta den offisielle åpninga, og også årets kunstnar Elind Rui Blix kjem for å sei litt om ulike nyanser av rosa.

Om ikkje det var nok, så vil formidable Miss Nöyd spele for oss, og det vil vanke marine forfriskningar.

Velkommen til opning, med eller utan sydvest!